I eventyret

Olav Duun

299,00 kr

Romanserien Juvikfolket kom ut i seks band i åra 1918-23. Den følger slekta frå Juvika frå ei mytisk og ubestemmeleg fortid, og fram til det som var samtid då verket kom ut. Vi møter juviking.ane i kvardag og helg, uår og godt år, barnsøl og gravøl, på fiske og i arbeid med jord og dyr.

I eventyret høyrer til Duuns lysaste romanar. Sjølv om den også inneheld overtru, skuffingar, einsemd og såre opplevingar, ligg det ein stor blå himmel over vesle Odin og livet hans i Kjelvika, der han undrast over den levande naturen, leiker med skjel, utforskar farar og får sine første kjærleiksmøte.

I eventyret er fjerdet bandet av Juvikfolket, og det første om Odin Setran, som kjem til å bli hovudperson i resten av serien. Mange tilrår nye Duun-lesarar å begynne med nettopp denne boka, som utan tvil høyrer til blant dei store barndomsskildringane i norsk litteratur, side om side med Aksel Sandemoses om Espen Arnakke, Johan Borgens om Lillelord og Torborg Nedreaas’ om Herdis.

Med Juvikfolket fekk Olav Duun sitt store gjennombrot. Her føreligg fjerde bandet,
som har 100-årsjubileum i 2021. Etterord ved Beatrice M. G. Reed

1 på lager

Varenummer: 104689 Kategorier: ,
Nettstedet bruker cookies for å bedre møte dine forventninger. Hvis du ikke aksepterer cookies, kan du deaktivere den i innstillingene til nettleseren din. Men det er en risiko for at enkelte funksjoner på tvedestrandbok.no ikke vil fungere korrekt.