Forfatter | Oskar Stein Bjørlykke |
---|
Litle meg
Oskar Stein Bjørlykke399,00 kr
Nær og poetisk barndomsskildring. «Eg stod og heldt hendene for auga. Opna dei, lukka dei, så det lynte og lyste, og fargane kom. Eller eg saup inn lufta og merka luktene. Kjende på ting, og det kitla. Smaka også, med tunga, som kunne frysa fast i kaldt jern. Eller eg stod der og høyrde slaget frå klokka på storestova. Den som vi kjøpte med pengar etter mortante Ingrid, som mor var så glad i, men som døydde så brått ein sommar. Ein så inderleg fin klang når den klokka slo.» Heine Bakke blir fødd 3. januar 1939 og veks opp i den vesle bygda Hadlo på Vestlandet. Barndomen hans blir prega av både krig og fred, vonde og gode erfaringar, men det er likevel dei store og små sansingane i kvardagen som gjer størst inntrykk på Heine. Gjennom eit ope og undrande barneblikk teiknar Bjørlykke eit nært og poetisk portrett av ein gut, ein familie og ei vestlandsbygd og gir eit annleis og levande bilete av norsk historie frå 1940- og -50-åra.
På lager