Mat og tradisjonar i Åmli med oppskrifter

300,00 kr

Kunnskapen om matlaging har blitt vidareført gjennom generasjonar. Tenker ein etter, er det nok mange av oss som har lært mykje av mor og bestemor. I arbeidet med denne boka har ein lagt vekt på å sikre og vidareformidle både oppskrifter og kunnskap om mattradisjonar frå Åmli. Naturleg nok har vi mykje felles med andre bygder, men også lokale variantar og enkelte spesialitetar.

Mykje av vår lokale historie er tett knytt til maten. Ikkje minst er det ein viktig del av kvinnene si historie. Gjennom skiftande tider har dei gjort seg nytte av lokale ressursar med stor klokskap og stoltheit – for å gjere sitt beste for familien. Frå tronge tider der det var mange munnar å mette i kvart hus, fram til i dag med stor velstand, ser ein at lokale mattradisjonar lever. Nye hjelpemiddel er tatt i bruk, men i frysen har vi råvarer som kjøtt og bær som blir nytta på tradisjonelt vis.

Ein ønsker lykke til med bruken av boka og håper ein vil sjå at tradisjonsmat frå Åmli kan vere spanande og godt – og gildt å lage!

Tomt på lager

Varenummer: 9788290970388 Kategorier: ,