Olav M. Holen (red.)

Meir gamalt or Sætesdal III – Valle min heimstad

Innbundet

kr 348,00

På lager

Varenummer: 9788283160598 Kategori:

Beskrivelse

I «Meir gamalt or Sætesdal III» er det samla eit tjugetals småsoger som Torleiv Aakre hadde høyrt av dei gamle. Men mesteparten av denne boki byggjer på det han sjølv hadde opplevt.

I slutten av 1800-talet og utover 1900-talet hadde Valle mange sterke og evnerike personar. Torleiv Aakre, som kjende dei alle godt, hev her teikna skarpe og gode portrett av desse fargerike karakterane.

Torleiv var ein flittig meldar (medarbeidar) i avisa Agder Tidend, som byrja å kome ut hausten 1919. Gjennom ein tidsperiode på ca. 40 år sende han sine brev eller meldingar frå Valle. Desse brevi er interessant lesnad, ikkje minst frå ein sosiologisk synsvinkel. Då han tok til å skrive frå Valle, levde folk omtrent som dei hadde levd i generasjonar – med sjølvberging og liten påverknad utanfrå. Ein fær fylgje utviklingi – på godt og vondt – sett gjennom augo til ein som hadde sin ståstad i gamletidi, men som måtte fylgje med i den nye tidi.

På same måten som i Skars «Gamalt or Sætesdal» er det i «Meir gamalt or Sætesdal II og III» ei mengd med gamle ord og seiemåtar, som er ukjende for oss som lever i dag. Eg er so heldig at eg hev tilgang til den rike og mangslungne ordsamlingi til Birgit K. Rike, som Torjus Uppstad hev lasta ned frå nettet og ordna alfabetisk. Soleis hev bøkene fenge ein ekstra dimensjon. Bøkene kan òg verte interessant lesnad for alle som er glade i språk og i den gamle dialekten vår.

Tilleggsinformasjon

Vekt 0.760 kg
Dimensjoner 18 x 24 x 3 cm
Forfatter

Format

Utgitt

Omtaler

Det er ingen omtaler ennå.

Bli den første til å vurdere “Meir gamalt or Sætesdal III – Valle min heimstad”

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

Du liker kanskje også…