Oskespiralen

Leander Djønne

399,00 kr

«Ru nevar heldt stramt rundt sleggjeskaftet. Sleggja heldt han balansert i brattbakkane. Sleggja og spettet. Han høyrde til her. Ikkje der ute som fjorden opna seg. Her inne var det. Mellom stupbratte fjell. Mellom ras, steinrøyser og jord. Stubbebrytar, feisel, bergjarn, kilar, sleggje, spett. Reiskapar roa han. Kjensla av å arbeide med tida, ikkje mot ho.» Sonen har sona straffa si, han ynskjer hemn. Broren leitar etter ljos og frelse. Faren byggjer gravhaugar. Mora ropar frå dødsriket. Oskespiralen er ei forteljing om to brørs oppgjer med fortida, ein far med umenneskeleg framferd og ei ur som er i ferd med å losne over heimegarden. I Leander Djønnes særeigne prosa blir valden og raseriet som gjennomstrøymer denne slekta skildra med nådelaus kraft.

På lager

Cookies settings
Bokhuset Tvedestrand cookies-innstillinger
×