Tid for glede

Arne Lygre

379,00 kr

EIT EG set seg føre å forsvinna. Han vil forlata heimen sin, kjærasten, byen der han vaks opp, foreldra og systera. Han vil pakka tinga sine, setja seg i bilen og køyra av garde. EIT EG er på veg vekk, men han stoggar bilen i vegkanten og får seg ikkje til å køyra vidare før han har møtt mora og systera, som nett no sit saman på ein benk nede ved ei elv attmed ein kyrkjegard. Han snur, køyrer attende for å møte dei ein siste gong. Eg forsvinn no, seier han. EIT EG er borte, og kjærasten, EIT ANNA EG, sit att i heimen deira, utan noko forvarsel og utan nokon svar. Tid for glede er eit stykke om oppbrot, einsemd, om å høyre til og å høyra saman, om tilgjeving, og om kven vi er for kvarandre.

På lager

Cookies settings
Bokhuset Tvedestrand cookies-innstillinger
×