Vere og døy – døy å vere. Døds

Kjartan Hatløy

329,00 kr

Snart er eg ein som har vore. Men enno er eg. I mine indre strøk og land, der lever eg tinga på min måte. Eg lærte meg elske dei. Såpass at eg finn meg i smerta noko vondt fremjar. Eg har det best når eg vandrar. Når eg går attmed himmelkroppane spaserer, enten det er dag eller natt. Enno ei tid får eg til dette; enno kjem lagnaden farande og byd på lunsj. Heilt frå han var ein liten gut, har Kjartan Hatløy grunda på dette: Kva tyder «er»? Hatløy har levd med eksistensfilosofien i ein mannsalder, som filosofistudent, medan han jobba på verft, og i sitt kvardagslege gjenge. Omgrepet «vere» tek ein så sjølvsagt som det å puste. Men å undersøkje det, ta det som tema, det er å komme ut i ei uro over å vere til. I si fjortande bok tenkjer Hatløy omkring vere og det verande. Med Martin Heideggers hovudverk som springbrett har Hatløy skapt si dødslære. Det gjeld diktarens eige «vere til døden» – men han prøver òg å gå bakom døden: Samtidig som han undersøkjer meininga til vere, freistar han forstå spørsmålet om ikkje-vere. «Vere og døy – døy og vere» er ei førebuing, men òg ein slags audmjuk takk, frå ein av våre mest særmerkte lyrikarar.

1 på lager

Varenummer: 105365 Kategorier: ,