Plikt

Marianne Klementine Håheim

379,00 kr

«Eg skal flytte heim for å ta over garden, ikkje fordi eg vil, men fordi eg føler at eg burde ville.» Då faren plutseleg døyr, vel den unge mannen å flytte heim til garden han vaks opp på. Han tar på seg arbeidskleda som faren pleidde bruke, og blir sauebonde. Nært og levande skildrar romanen den unge bondens dagar saman med sauene, omsorga han må gje kvart einskilt dyr, og alt det praktiske som må takast hand om. «Plikt» er ei gripande forteljing om kva det vil seie å drive ein liten gard i vår tid, om nærleiken til dyr og natur, og om det å høyre til i ein tradisjon. Nesten umerkeleg viser det seg også å vere forteljinga om ei einsemd som er så stor at ho kanskje ikkje kan berast.

1 på lager

Varenummer: 104638 Kategorier: ,
Nettstedet bruker cookies for å bedre møte dine forventninger. Hvis du ikke aksepterer cookies, kan du deaktivere den i innstillingene til nettleseren din. Men det er en risiko for at enkelte funksjoner på tvedestrandbok.no ikke vil fungere korrekt.